Mannskap- og skipperlugar

Som lærling hjå NNFA fikk eg, Torstein Rønning, i oppgåve å skrive eit blogginnlegg på Fugløbloggen, så her kjem litt detaljert info om innreiinga i lugarane på Fuglø i veke 4 og 6, 2015.

Det ble bestemt at eg skulle føre material- og tidsbruk på prosjektet, samstundes som eg skulle lage arbeidsteikningar og generelt ha eit godt oversyn. Eg planla å bruke 4 timar på planlegginga, 60 timar på utføringa, og 2 timar til dokumentasjonen. Eg skulle arbeide med mannskapslugaren medan Endre Lund tok skipperlugaren.

Det var lite å basere seg på etter brannen som hadde hatt sitt utspring i byssa. Kolrestane fortal ikkje mykje om dimensjonar og utsjånad. Så Endre Lund ringde på førehand til den gamle skipparen på båten, Normann Nilsen, for å høyre korleis lugaren, byssa og skipperlugaren så ut.

Bilde av byssa frå etter brann
Det hadde allereie vorte laga dørk inne i byssa, og rommet var delt i 3. Mannskapslugaren var på 1,3 x 2,5 meter, og den eine halvmeteren gikk med til dør, så det var ikkje rare plassen å byggje køyeseng og nattbord på.Veggane har me dekt med TGV-panel, slik som det var. Opphavleg var det òg eit lag med Korea-panel/Kina-panel utanpå TGV'en, montert i ettertid. Dette tek me stilling til ved eit seinare høve.

Arbeidsområde, og TGV-panel.
Det skulle vere to smale køyer over kvarandre, med ei breidd på 60 cm, og ei lengd på 190 cm. I fotenden, mot døra, var det eit skott med ein avrunda hjørnestolpe. Vangane på kvar køye var rette, og med ei list som stikk ut 5 mm på utsida, og er slett på innsida. På hovudenden var det ein stolpe som vangane hang i, som gjekk opp til taket.

Under køyene var det 2 skuffer, ein til kvar gut. Dei var relativt store, og skulle romme det som skulle vere med ut på ein tur. Rundt skuffene og under vangen var det kledd med ståande TGV panel. Frå casingveggen og inn til senga var det eit nattbord. Dette skulle vere litt lågare enn vangen. Det skulle vere ståande TGV, med to små skuffer øvst og ei skapdør under. Alle frontane skulle dekkjast med Huntonit.  Til slutt skulle det vere ein slingrelist på toppen. Det var fleire år sidan Normann hadde vore i båten, og alle måla var teken ut av minne, så ein lyt ta dei med ei klype salt. Eg slo òg opp i Bådebygning-boka (Anders Dørge m.fl., 2002, Erhvervsskolernes Forlag, "Bådebygning") for tips og reglar, og målte opp lugaren på Kjartan, for å sjå korleis det var gjort der.

Eg byrja med å sette opp reisverket til senga. Posisjonen til hjørnestolpen vart bestemt og brukt som utgangspunkt for vidare arbeid. Dei fleste flatene sto i ein vinkel eller hadde svai, så det måtte brukast skjønn ved plassering.


Mot veggen vart det festa ei list som sengebotnen skulle liggje mot. Den vart skrudd med skruer som vart forsinka og skjult, for å tole vekta av ein eventuell diger kar. Ellers skulle det brukast spiker som festemiddel. Eg lagde ferdig skottet som var to lag TGV-panel, og skulle til å sette det opp før eg forsto at eg ikkje ville ha moglegheit til å få inn noko meir materiale om eg gjorde det. Så det vart tilpassa og sett tilside.

Undersida av øverkøya. Treplugger der skruvene gjekk inn.
Rundt sengebotnen og skuffene vart det bygd opp med lekter, og ein L-forma plank vart saga ut og plassert på kvar side av skuffa, som ho skulle gli på. På framenden av skuffa var det ei list, som skuffa måtta løftast over, for å hindre den i å flyge ut i rom sjø. Sengebotnen besto av 4 tverrliggjande lekter på 5x3 cm som kvilte mot ei list på båe sider, og over der langsliggjande rupanel.

Plass til skuffer
Vangane vart lagd ut av eit båtbord av furu, som vart kappa på to meter, og høvla 25 cm bredt og 2 cm tjukt. Vangane skulle fellast inn i hjørnestolpen på den eine sida, og stolpen på hi. Dei vart handhøvla fine, og ei eikelist, 3 cm brei og ein centimeter tjukk, vart skrudd fast med messingskruver. Så var det bare å kle att botnen av senga, og gjere det fint rundt skuffene. Så var senga ferdig.

Øverkøya
Nattbordet vart sett opp med lekter og rupanel som bordflate, alt festa i senga og veggen. Det vart laga plass til to små skuffer, og mot senga kledde eg innsida av skapet så det skulle bli fint. Skapdøra vart laga av panel spikra med krøkja spiker mot 2 lekter på baksida.


Til slutt laga eg 4 skuffer. Eg hadde måla frå skufferamma, og brukte disse til å lage skuffer som skulle passe fint. Sidene vart falsa saman, fort og enkelt gjort på bordsirkelsaga, og botnen som var 1 cm tjukk ble låst inne i eit frest spor. Botnen sto ein centimeter opp i skuffa for å gjere plass til hakket kor skuffa skulle stoppe mot lista i botn. Alt passa fint, Huntonitfront og handtak kjem i neste omgang.

Material til skuffer høvla til
Skuffene sagd opp og klar til senking og fresing
Klar til å skrues
Skottet i fotenden sett opp, og skuffane passa. Litt for liten plass til bildetagning med kamera uten fisheye
På Endre si side ble tilsvarande arbeid gjort. Han hadde berre ei enkeltseng, med fleire skuffar. Eit frittståande nattbord, med Huntonitplate på topp, som skal kunne foldast ut. På veggen atte i lugaren skal det vere ein benk med eit klesskap oppå. Ifølge Normann var det akkurat plass til rumpa på benken (25 cm brei), akkurat plass til ein kleshengar i skapet (55 cm djup) og akkurat så høg at han kunne ta på skorne mens han sat(45 cm høg).

Skipperlugar
Klesskap skipperlugar
No manglar berre nattbordet og alt av mahogny i skipperlugaren, og montering av huntonitplater på skuffene, så er alt av trearbeid ferdig.