Vindauge i stålcasingen

Her kjem ei oppdatering frå lærling Torstein Rønning, om arbeidet i januar månad.

I stålcasingen på Fuglø skal det vere bysse, mannskapslugar og skipperlugar. Etter at vindauga kommer på plass er det berre innreiinga i byssa som manglar. Til saman er det fire vindauge, to inn til byssa og eitt i kvar lugar. Stålkarmane er laga av bøygd og sveisa stål, og inni skulle det lagast fire vindauge av eik, som skulle passe godt og kunne opnast.

Eg byrja med å måle opp stålramma som vindauga skulle stå i. Alle var i ulik storleik. Det var ikkje store skilnaden, men eg bestemde meg for å lage vindauga i ulik storleik òg. I Delebanken fann eg fram eit vindauge frå ein gamal båt for å sjå på dimensjonar og samanføyingar. Dimensjonen på vindaugsramma frå Delebanken var 3x4,5 cm, hadde fresa profil, og i slissen var profilen kontrakilt i topp- og bunnramma. Vi valde å gå ned til 2,8x4 cm for å sleppe inn meir lys, og ettersom vi ikkje har nokon bordfres blei det skarpare profil og handlaga sliss og tapp.

Alle mål vart skrivne opp i millimeter og flatane teikna med fas, for å sleppe vatnet. På innsida av karmen var det fresa eit spor til fôringa på 8x8 mm. Til vindaugsglaset rekna vi med 2 millimeter, og for å feste det skulle det brukast linoljekitt, og utanpå der ei trelist. Til saman 13 millimeter til falsen. Eg fann også ut kor stor klaring det skulle vere, både mellom ramme og karm, og karm og casing.

Så var det material. Eg var så heldig å få nytta ein gamal hudplank av eik, gitt til oss frå RS "Biskop Hvoslef". Alderen gjer at planken er stabil, eik har ein uvane med å slå seg mykje. Det var ikkje høve for at noko så presist som eit vindauge skulle slå seg for mykje. Vi var 3 mann som bar inn planken frå lageret. Den tunge eikeplanken hadde roteskader på oversida, eg trudde det var enden på visa. Men eika er ein hardhaus, og toler mykje vér. Rota hadde ikkje gått lengre enn 3-4 millimeter inn. Eg sagde opp så mykje eg trengde på overmål og la det inn i 'tørkerommet' vårt. Der skulle det få liggje og slå seg så vrang som det berre ville over helga.

Eg tok emna og høvla to av sidene plane og 90° på avrettaren.  Så sagde eg ut lekter med bordsaga. Deretter var det å sage ut falsen i karmen som vindaugsramma skulle stå i. Slissa til utfôringa lagde eg med ein overfres.

Alle emnene vart kappa i rett lengde. Fasen handhøvla eg, og så var det berre å felle det i hop. Ettersom det var ein fas (ei skråflate) med i biletet, kunne eg ikkje bruke bordsaga til slissinga. Så eg fikk god øving i bruk av tappjarn og bakksag.

Alt vart sett saman med messingskruver som vart forsenka og forborra. Messingskruvene bryt tvert av om du ikkje har gjort godt nok forarbeid i den harde eika. Eg skrudde dei eit stykke inn med maskin, og tok resten for hand.

Så var vindaugsramma komen for tur. Eg starta med avrettaren på alle emna, for så å gå på bordsaga.


Til endane gjorde eg ein jig til sirkelsaga.


Endeved-jigen fungerte særs godt. Det var berre å tappe ut tappen med eit tappjarn. Så var det berre å handhøvle fasen, for så å sette alt saman. Eg festa samanføyninga med 6 mm firkanta trenagle, òg av eik.


Vi hadde bestilt messing-hengslar for å setje ramma saman med karmen. Dei vart tappa inn og festa med messingskruver.

Glaset hadde vi bestilt ferdig utskore i riktig storleik. Det vart lagt oppå eit lag med linoljekitt, og eg masserte det inn i kitten for hand.

For å feste glaset brukte vi 10 mm eikelister, spikra fast i ramma med dykkertspiker.

Overflødig kitt vart fjerna.

No manglar berre monteringa på båten. Det kjem til å skje på eit seinare tidspunkt. Meir bilete kjem da.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar